Bioteknologirådet inviterer deg til å sende inn ditt synspunkt på gentestar. Nokre synspunkt vil bli publiserte på nettsidene deira.
Genja har skrive eit nytt blogginnlegg. Les innlegget.


Eg har endeleg fått svar på testane eg tok! Eg har genvarianten for sprint, men uansett ville det jo vore bra med sprinttrening. Heldigvis kjem eg ikkje til å få Huntingtons sjukdom. Leste om sjukdommen medan eg venta på svaret og blei skikkeleg stressa, fekk nesten ikkje sove! Tenk om eg hadde hatt den genvarianten!! Men no kan eg puste letta ut.
Men testen for diabetes type 2 viste at eg har stor sjanse for å få denne sjukdommen. Veit ikkje heilt kva eg skal gjere med den informasjonen. Kjem sikkert til å ha dårleg samvit kvar gong eg et godteri. Trur eg kjem til å gå ofte til legen for å sjekke meg. Les om symptoma på nettet, og føler at ein del stemmer.
Uff, grublar fælt no. Leste også om at gentestar kan få folk til å få helseangst, kanskje det er det eg har fått! Kanskje det ikkje var så lurt å ta desse testane likevel. Dersom nokon spør meg om kva eg meiner om å ta gentestar på nettet, trur eg at eg svarar at det ikkje er så lurt. Fordi det fører til så mykje grubling utan at ein blir så mykje klokare. Det er mi meining i alle fall.
~ Genja ~