Det er stor skilnad mellom ulike typar gentestar når det gjeld kor presise svar dei gir og kor nyttig denne informasjonen er.


Takk for alle gode råd (sjølv om eg blir ganske forvirra når de gir meg ulike råd ;) ) Eg har veldig lyst til å bestille testen!
Men så las eg i ein artikkel at berre 3 % av variasjonen i muskeleigenskapar skuldast dette genet. Over 80 % av den vanlege befolkninga har genvariant 1 (ACTN3 577R)! Så sjølv om 97 % av sprintarane på olympisk nivå har denne genvarianten, krevst det mykje meir for å bli ein elitesprintar, som målretta trening, kosthald, motivasjon og talent.
Byrjar å skjønne at dette er ganske komplisert! Får eg eigentleg svar på kor god eg kan bli i sprint med denne testen?
~ Genja ~