Ein gentest er ein analyse av nokre eller alle gen i kroppen. Gentestar kan fortelje om dei arvelege eigenskapane dine og risiko for sjukdommar.
Genja har skrive eit nytt blogginnlegg. Les innlegget.


No skjønner eg meir korleis det heng saman, dette med protein og gen.
Byrjar seriøst å vurdere om eg skal bestille sprintgentesten. Fann litt meir info om gentestar i ein film og ein artikkel. Dersom eg forstår det riktig, vil ein gentest fortelje oss oppskrifta på alle dei 21 000 gena i kroppen (gen er det same som DNA), og dermed kva eigenskapar vi har eller kjem til å få. For eksempel kva sjukdommar vi kjem til å få. Litt usikker på om det er lurt da ... Det er nok å sende inn ei spyttprøve til laboratoriet når ein tar ein gentest.
Bør eg bestille testen? Kva er argument for og mot? Tar i mot gode (seriøse og grunngitte) råd med takk!
~ Genja ~