Sei meininga di om gentesting!
Gentestar kan fortelje om dei arvelege eigenskapane dine og risiko for sjukdom og gjer det mogleg å gi betre medisinsk behandling og førebygging. Men det varierer frå person til person kor mykje vi ønsker å vite om gena våre.
Læringsstien er utvikla av Bioteknologirådet og Naturfagsenteret.

Gen er oppskrifter på protein som igjen er med på å bestemme eigenskapane våre. Den genetiske koden er rekkefølga av basepar langs DNA-trådane.

Ein gentest er ein analyse av nokre eller alle gen i kroppen. Gentestar kan fortelje om dei arvelege eigenskapane dine og risiko for sjukdommar.

Det er stor skilnad mellom ulike typar gentestar når det gjeld kor presise svar dei gir og kor nyttig denne informasjonen er.

Bioteknologirådet inviterer deg til å sende inn ditt synspunkt på gentestar. Nokre synspunkt vil bli publiserte på nettsidene deira.