Gen er oppskrifter på protein som igjen er med på å bestemme eigenskapane våre. Den genetiske koden er rekkefølga av basepar langs DNA-trådane.


I går sprang vi 60 m, og det går som alltid SKIKKELEG DÅRLEG. Sjølv om eg ga alt. I håp om å vise at det ikkje er mi skuld at eg er treig, har eg googla meg fram til ein dansk gentest.
Gentesten eg har funne vil vise om eg har genet ACTN3 eller ikkje. Trur dette genet lagar sprintmusklar som brukar protein som drivstoff. Stod i alle fall noko om protein og dette genet. Har eg ikkje dette genet, er det ikkje nokon vits i sprinttrening, og eg bør heller bruke tid på å trene kondis. Testen kostar ein del, men det ser skikkeleg seriøst ut. Berre dei ikkje lagar ein hemmeleg klon av meg :-D
Har eg forstått dette riktig?
~ Genja ~
INGEN KOMMENTARAR