Island er eit område som har mange aktive vulkanar. Kvifor blir det danna vulkanar? Og kvifor er det så mange vulkanar i dette landet?
April 2010 var det ei rekke vulkanutbrot ved Eyjafjallajökull på Island. Fleire hundre menneske vart evakuerte, og oska frå vulkanen gjorde det etter kvart umogleg å fly i store delar av Europa. Sjå innslaget nedanfor frå Dagsrevyen 14. april.
Her er ei oversikt over aktive vulkanar på jorda. Er det mange vulkanar på Island, i Noreg og i Chile?
Noreg har éin aktiv vulkan – den nordlegaste aktive vulkanen på jorda vi veit om. Vulkanen Beerenberg ligg på polarøya Jan Mayen som ligg på grensa mellom Norskehavet og Grønlandshavet. Det siste vulkanutbrotet der skjedde i 1985.
Island er eit område som har mange aktive vulkanar. Kvifor blir det danna vulkanar? Og kvifor er det så mange vulkanar på Island? For å finne ei forklaring på desse spørsmåla er det lurt å sjå på tverrsnittet av jorda ein gong til.