Det er funne fossil av sjødyr høgt oppe i fjellkjeda Himalaya. Korleis er dette moleg? Og korleis er den kaledonske fjellkjeda i Noreg danna?
Mount Everest er det høgste fjellet på jorda, med sine 8 849 meter over havet. Fjellet ligg i fjellkjeda Himalaya på grensa mellom Nepal og Kina. Den nepalske sherpaen Tenzing Norgay og Edmund Hillary frå New Zealand var dei første som nådde toppen i 1953. Sidan har rundt 5000 klatrarar klart å bestige Mount Everest. Sjå ein film av Mount Everest og klatrarar som er på veg mot toppen.
Her ser du ei oversikt over fjellkjeder på jorda som er danna av platekollisjonar. Kan du sjå om det er ei fjellkjede i Noreg? Er det andre fjellkjeder du har høyrt om? Finn du desse på kartet?
Himalaya ligg ved ei plategrense. Kva slags plategrense trur du dette er? Flytt kryss inn på riktig stad i tabellen.