Bruk platetektonikkteorien til å forklare jorda si utvikling over tid, og gi eksempel på observasjonar som støttar teorien.
Læringsstien er utvikla av Naturfagsenteret ved UiO.

Kvifor er det oftare jordskjelv i Chile enn i Noreg? Har det ei naturvitskapeleg forklaring? Og kan vi finne observasjonar som støttar den forklaringa?

Island er eit område som har mange aktive vulkanar. Kvifor blir det danna vulkanar? Og kvifor er det så mange vulkanar i dette landet?

Det er funne fossil av sjødyr høgt oppe i fjellkjeda Himalaya. Korleis er dette moleg? Og korleis er den kaledonske fjellkjeda i Noreg danna?

I den siste delen av læringsstien samlar vi trådane og ser på korleis teorien om platetektonikk vart til og korleis platetektonikk forklarar korleis jorda endrar seg over tid.