Hopp til hovedinnhold

Kva skjer?

Gamle program fjerna

Dei gamle Viten-programma blei laga med Adobe Flash, ein teknologi som blei avvikla etter 2020. Desse programma er derfor ikkje lenger tilgjengeleg. Programma som er lista opp på framsida av viten.no er dei som vil fungere frå 2021.

Kva er nytt?

Eit nytt program om platetektonikk for ungdomstrinnet blei lagt ut i mai 2022.

Eit nytt program om radioaktivitet og stråling for Vg1 blei lagt ut i desember 2021.

Eit nytt program om virus og vaksine for ungdomstrinnet blei lagt ut i juni 2021.

Merk at mykje brukte animasjonar og interaktive oppgåver frå gamle program ligg under Animasjoner og oppgåver.

Som ei erstatning for det gamle programmet Ernæring og helse vil vi tilrå undervisningsopplegget Bærekraftig kosthold på naturfag.no.

Kva kjem?

Vi held på med eit nytt program om evolusjon. Dette programmet kjem i 2024.