Kvanteobjekt blir skildra av ein bølgjemodell som forklarer observerte kvanteeffektar, mellom anna interferensforsøk med elektron.
Biletet nedanfor er teke med eit elektronmikroskop og viser det vi ser med – stavar og tappar på netthinna i auget. Med eit vanleg lysmikroskop kan vi sjå veldig små gjenstandar, men det har si avgrensing. Avgrensinga er knytt til bølgjelengda på lyset. Vi kan ikkje få betre oppløysing enn omkring halvparten av bølgjelengda. Det tyder at vi kan sjå ned til ca. 200 nm med lysmikroskop. Men når vi utnyttar bølgjeeigenskapane til elektronet, kan vi «sjå» med mykje betre oppløysing. Bølgjelengda til elektron kan vera 100 000 gongar kortare enn bølgjelengda til lys. Med elektron kan vi sjå ned til ca. 50 pm (5,0 · 10-14 m).
