Sjølv om mange fysikarar ønskjer seg éin felles teori som klarar å skildre alt samstundes, har vi ikkje det i dag. Bli med inn i kvantefysikken, ei forunderleg og fascinerande mikroverd som bryt med klassisk fysikk.
Læringsstien er utviklet av Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo, Naturfagsenteret og Skolelaboratoriet ved NTNU.

Rundt år 1900 utvikla fysikarane ein ny fysikk – kvantefysikken – for å beskrive observasjonar av atoma og mindre delar som elektronet i eksperiment.

I denne delen skal du bli kjent med partikkelmodellen for lys, der vi ser på lys som foton. Du skal jobbe med fenomenet fotoelektrisk effekt.

Kvanteobjekt blir skildra av ein bølgjemodell som forklarer observerte kvanteeffektar, mellom anna interferensforsøk med elektron.

Fenomenet samanfiltring handlar om at ulike delar av eit system er i ein felles kvantetilstand, sjølv om det kan vera veldig stor avstand mellom dei.