Fossila på Svalbard viser ulike eksempel på evolusjon ved naturleg utval. Vi ser konkurranse mellom artar og utvikling av artar.
Evolusjonsteorien forklarer korleis livet på jorda utviklar seg. Her får du ein kort gjennomgang av korleis evolusjon foregår ved naturleg utval.
Oppsummering
Kva veit vi om utvikling av livet før masseutryddinga for 252 millionar år sidan? Det første livet på jorda var eincella organismar som oppstod i havet. Gjennom milliardar av år har eincella organismar utvikla seg til det mangfaldet av artar vi har i dag.
Her er ei tidslinje som viser når nokre sentrale livsformar dukka opp, basert på funn av fossil.
lem: kroppsdelar som brukast for rørsle, t.d. arm, bein, venger, finnar og luffar
luffe: breitt, flatt lem hos nokre virveldyr som kval, pingvin, sel og fiskeøgle