Følg forskarar til Svalbard kor dei kartlegg fossil som kan fortelje korleis livet utvikla seg etter den store masseutryddinga for 252 millionar år sidan.
Læringsstien er utvikla av Naturfagsenteret og Naturhistorisk museum ved UiO og NRK skole. Prosjektet har mottatt støtte frå Veksthuset for verdiskaping ved UiO.

For 252 millionar år sidan skjedde den største masseutryddinga av artar på jorda. Fjella på Svalbard inneheld fossil av artar som levde på denne tida.

Bli med Jørn og Aubrey til Svalbard. Her skal de gjennomføre feltarbeid og finne fossil av artar som levde etter den store masseutryddinga.

Fossila på Svalbard viser ulike eksempel på evolusjon ved naturleg utval. Vi ser konkurranse mellom artar og utvikling av artar.