
Skuleeigarar er behandlingsansvarlege for innhenting og bruk av personopplysningar som skjer i samband med bruk av viten.no. Skuleeigarar inngår databehandlaravtale med Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa – Naturfagsenteret – som vil vere databehandlar. For annan bruk er Naturfagsenteret behandlingsansvarleg for personopplysningar knytte til drift og vedlikehald av viten.no. Firmaet Ravn Webveveriet AS er vår leverandør for utvikling, drift og vedlikehald av nettstaden.
Du kan bruke viten.no utan å logge deg inn, men dersom elevsvar skal lagrast og lærar skal kunne kommentere desse, må elevar og lærarar logge inn. Elevar og lærarar loggar seg helst inn via Feide. Det blir då oppretta ein konto knytt til Feide-kontoen. Vi hentar informasjon om deg frå Feide, men informasjon du lagrar hos oss vil ikkje vere tilgjengeleg i andre tenester.
For Feide-brukarar har viten.no tilgang til følgjande Feide-data:
Svar som er lagra og eventuelle lærarkommentarar til desse blir deaktiverte etter 12 månader og blir deretter automatisk sletta etter ytterlegare 30 dagar.
Kontoar blir automatisk sletta dersom ein ikkje har vore innlogga dei siste 15 månadene. Du kan sleppe kontoen din sjølv når du er innlogga. Kontoen blir då umiddelbart deaktivert, og deretter automatisk sletta etter ytterlegare 30 dagar. Dersom du er elev og medlem i nokre klasser, vil læraren framleis kunne sjå svara dine i denne perioden.
Data i sikkerheitskopiar vil bli sletta etter ytterlegare tre månader.
Tilsette hos Ravn Webveveriet AS som har tenestlege behov, har tilgang til informasjon som brukarar registrerer på viten.no. Det er inngått ein eigen databehandlaravtale med leverandøren Ravn Webveveriet AS som regulerer rettar og plikter i personopplysningslova og personopplysningsforskrifta. Avtalen sikrar at personopplysningar om registrerte brukarar på nettstadene som er omfatta av denne avtalen, ikkje blir brukte urettmessig eller kjem i hendene på uvedkommande.
Administratorar ved Naturfagsenteret har tilgang til brukarkontoar for å kunne endre eller sleppe brukarar ved behov.
Naturfagsenteret samlar inn enkel webstatistikk for viten.no med verktøyet Plausible.io. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi bruker til å dokumentere bruk, samt for å forbetre og vidareutvikle nettstaden. Plausible.io bruker ikkje informasjonskapslar og samlar ikkje inn persondata.
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina di når du lastar ned ei nettside. viten.no bruker informasjonskapslar berre til nødvendige føremål, og vi baserer oss difor ikkje på samtykke.
viten.no bruker informasjonskapslar til å handtere innloggingsmekanismen: __Host-next-auth.csrf-token, __Secure-next-auth.callback-url, __Secure-next-auth.session-token.
viten.no bruker ikkje informasjonskapslar til å generere statistikk.
Nokre læringsstiar inneheld innebygde videoar frå Vimeo. Desse blir lasta inn med parameteren Do Not Track (dnt=true), som hindrar Vimeo i å spore øktdata og avgrensar informasjonskapslar til berre dei som er nødvendige for sikker drift av avspelaren: player_clearance, cf_clearance, _cf_bm og _cfuvid.
Nokre læringsstiar inneheld innebygde videoar frå NRK. NRK bruker informasjonskapslar berre til nødvendige føremål. Meir informasjon (info.nrk.no)
Nokre læringsstiar inneheld innebygde videoar frå YouTube. Desse blir lasta frå youtube-nocookie.com, som vil seie at det ikkje blir lagra cookies før videoen blir spela av.
Læringsstiane inneheld innebygde H5P-objekt (dra-og-slepp-oppgåver o.l.) som bruker informasjonskapslar for å fungere: CloudFront[…], h5pcomsession, XSRF-TOKEN.
Lenkjer på viten.no kan sende deg vidare til andre nettstader. Vi gjer merksam på at desse nettstadene kan ha andre reglar for personvern enn det som er oppgitt her.
Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland