
Viten er eit prosjekt ved Naturfagsenteret – Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa ved Universitetet i Oslo. Prosjektet utviklar nettbaserte læringsstiar i naturfag som er gratis å bruke. Målgruppa er elevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.
I kvar læringssti utforskar elevane eit naturvitskapleg tema, for eksempel gentesting, klimaendringar eller kvantefysikk.
Alle læringsstiane blir utvikla i tett samarbeid med aktuelle fagmiljø og gjennom utprøvingar i klasserommet.
Ein del av læringsstiane startar med eit oppdrag som elevane skal løyse og ei rammehistorie som følgjer dei gjennom læringsstien. Den naturfaglege informasjonen blir presentert på ulike måtar gjennom for eksempel animasjonar, fagtekstar, filmar og figurar. Undervegs skal elevane gjere ulike aktivitetar, fleirvalsoppgåver, klikk-og-dra-oppgåver og skriveoppgåver. Dersom elevane loggar inn, blir svara deira lagra. Lærarane kan då gi tilbakemelding på dei skriftlege svara. Læringsstiane legg opp til utforskande arbeidsmåtar, kritisk tenking, bruk av grunnleggjande ferdigheiter og undervegsvurdering, som saman skal bidra til djupnelæring hos elevane.
Ny versjon av nettstaden vart lansert i august 2026.
Læringsstien Fossil og evolusjon for ungdomstrinnet vart lansert i mai 2025.
Læringsstien Kjerner og stjerner for fysikk 1 blir lansert oktober 2026.
Vi held også på å lage ein ny læringssti om dinosaurskjeletta Zara og Zelda.
Viten vart etablert av Doris Jorde og Alex Strømme i 1999 som eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Oslo (UiO) og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Hausten 2003 vart Viten-prosjektet lagt under Naturfagsenteret. Gjennom Viten ønskjer Naturfagsenteret å løfte fram gode døme på digitale læringsressursar i naturfag.
Forskinga er knytt til læringsutbytte hos elevane, lærarar si bruk av ressursane og utvikling av læringsstiane. Sjå meir på Naturfagsenterets forsknings- og utviklingssider.
Prosjektleiarar: Wenche Erlien og Øystein Sørborg.
Kontaktpunkt (også for databehandleravtalar): post@viten.no
Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland