Planteceller, dyreceller og bakterieceller er døme på ulike typar celler. Desse cellene har ein del felles kjenneteikn, men òg nokre viktige skilnader.
Alle organismar er bygde opp av éi eller fleire celler. Men alle celler er ikkje like. Planteceller, dyreceller og bakterieceller har nokre felles kjenneteikn, men òg viktige skilnader.
Ved å forstå korleis ulike celler er bygde opp og fungerer, kan vi òg forstå kvifor bakteriar, planter og dyr ser så forskjellige ut og lever på ulike måtar.
Vi startar med å sjå på planteceller.
Planter er bygde opp av planteceller. Eit kjenneteikn ved planter er at dei har fotosyntese. Fotosyntesen er ein prosess som bruker energi frå sollys til å danne glukose. Planter kan derfor lage si eiga næring. Fotosyntesen går føre seg i celledelar som blir kalla kloroplaster.

Celler frå raudkløver (cellene er tilsette fargestoff). Foto: Eckhard Völcker
Trykk på (+) i figuren nedanfor for å få skildringar av oppbygging og funksjon til dei viktigaste delane i planteceller.
Bruk figuren til å svare på dei følgjande spørsmåla.