Arbeidsbok
Kva er årsakene til at vi blir sjuke? (Gå til denne sida)
Oppgåve 1
Kvifor trur du vi kan bli sjuke når vi får virus i kroppen? Bruk det du kan frå før når du svarar på oppgåva.
Modellar av virus (Gå til denne sida)

Koronaviruset sett gjennom eit elektronmikroskop.

3D-modell av koronaviruset som framhevar forma på overflata.

Teikning som viser eit tverrsnitt av koronaviruset og framhevar arvestoff og piggar.
Oppgåve 2
Alle modellar har sine styrkar og avgrensingar. Kva synest du er styrkane og avgrensingane ved modellen på figur 3?
Virus angrip celler (Gå til denne sida)
Munnleg oppgåve
Jobb i par.
- Bruk modellen over, og beskriv til kvarandre kva som skjer når eit virus angrip ei celle i kroppen.
- Foreslå ei årsak til at nokre av symptoma på covid-19 er trykk i brystet og tung pust.
Oppgåve 3
I utsnittet av cella ovanfor er viruset ganske lite i forhold til cella. På oversiktsbiletet er derimot virusa ganske store i forhold til cellene. Kvifor trur du det er slik i denne modellen?
Skriv eit svar til Viktor (Gå til denne sida)
Oppgåve 4
Vi såg innleiingsvis at Viktor ikkje kunne kjenne smaken på smoothien. Han lurte på kvifor koronavirus kan påverke smakssansen.
Bruk det du har lært til å fullføre ei forklaring til Viktor om kvifor koronaviruset gir symptom som tapt smaks- og luktesans. Treng du meir informasjon kan du lese denne artikkelen (tekna.no).
Fordjupingsoppgåver (Gå til denne sida)
Les artikkelen: Derfor tar handsprit og handvask knekken på korona (forskning.no). Svar deretter på oppgåvene nedanfor.
Fordjupingsoppgåve 1
Å vaske seg med handsprit fungerer berre mot enkelte typar virus. For eksempel øydelegg handsprit koronaviruset, men ikkje noroviruset (som gir omgangssjuke). Kvifor er det slik?
Fordjupingsoppgåve 2
Kvifor er det slik at såpe fjernar både koronviruset og noroviruset.
Immunforsvaret (Gå til denne sida)
Munnleg oppgåve
Jobb i par. Bruk modellen over og beskriv for kvarandre korleis immunforsvaret kjempar ned viruset.
Oppgåve 5
Kva er styrkar ved denne modellen?
Immunitet (Gå til denne sida)
Oppgåve 6
Samanlikn grafane frå første og andre gong viruset kjem inn i kroppen. Kva er den viktigaste skilnaden på korleis kroppen reagerer den andre gongen viruset kjem inn i kroppen?
Oppgåve 7
Bruk dei to grafane til å beskrive korleis vi kan bli immune mot virus.
Skriv eit svar til Viktor (Gå til denne sida)
Oppgåve 8
Viktor lurar på korleis kroppen taklar koronaviruset. Bruk det du har lært til å skrive ei forklaring til Viktor. Her er nokre ord du bør ha med i forklaringa: antistoff, drepeceller, tung pust, feber og hugseceller.
Oppgåve 9
Tenk deg at du skal forklare Viktor korleis immunforsvaret kjempar ned koronaviruset. Kva for ein modell trur du vil fungere best?
Fordjupingsoppgåver (Gå til denne sida)
Fordjupingsoppgåve 3
Virus kan mutere. Kva betyr det?
Fordjupingsoppgåve 4
Kva trur du kan skje med immuniteten dersom viruset endrar seg veldig mykje?
Føreslå tiltak (Gå til denne sida)
Oppgåve 10
Kva veit du frå før? List opp alle tiltaka for å hindre spreiing av koronaviruset som du veit om. Tenk på tiltak knytt til skule, fritid, reiser og butikkar.
Smittekurver (Gå til denne sida)
Oppgåve 11
Ein del ønsker å bli smitta av koronaviruset så fort som mogleg, slik at dei blir ferdige med sjukdommen. Kvifor er ikkje dette ein god idé?
Utforsk smittespreiing (Gå til denne sida)
Oppgåve 12
Køyr simuleringa tre gongar for kvar av følgjande situasjonar:
- inga tiltak
- munnbind
- avstand på ein meter
Noter i tabellen talet på smitta for kvar køyring, og rekn ut gjennomsnittet.
Oppgåve 13
Simuleringa av smittespreiinga gjengjev ikkje røynda nøyaktig, og det er gjort nokre forenklingar. Vi kan seie at desse forenklingane er avgrensningar ved modellen. Kva er det simuleringa IKKJE viser?
Vurder smitteverntiltak (Gå til denne sida)
Her er ei liste over effekt og byrde av smitteverntiltak som Folkehelseinstituttet har laga. Bruk tabellen når du løyser oppgåvene nedanfor.
TILTAKSGRUPPE |
SMITTEVERN- EFFEKT |
TILTAKSBYRD |
|||
Samfunns- økonomisk byrd for arbeidslivet |
Byrd for trivsel og folkehelse |
Byrd for barn og unge |
Byrd for andre sårbare* |
||
Hygiene: handhygiene, hostehygiene og reingjering |
Middels |
Lita |
Lita |
Lita |
Lita |
Hygiene: Munnbind |
Liten-middels |
Lita- middels |
Middels |
Middels |
Middels |
Heime ved symptom |
Stor |
Middels |
Middels |
Middels |
Lita |
Testing og isolering |
Stor |
Middels |
Stor |
Middels |
Lita |
Smittesporing og karantene |
Stor |
Middels |
Stor |
Middels |
Middels |
Avstand til andre |
Stor |
Middels |
Stor |
Middels |
Lita |
Avgrensa sosial kontakt i privatlivet |
Stor |
Lita |
Stor |
Stor |
Stor |
Heimekontor |
Middels-stor |
Middels-stor |
Stor |
Lita |
Lita |
Restriksjonar for trening, øvingar, foreiningar mv. |
Middels |
Lita- middels |
Stor |
Stor |
Stor |
Restriksjonar for arrangement |
Stor |
Stor |
Stor |
Lita |
Middels |
Restriksjonar for kafear, restaurantar |
Middels |
Stor |
Middels |
Lita |
Middels |
Restriksjonar for barar, pubar, uteliv |
Stor |
Lita-stor |
Middels |
Lita |
Middels |
Restriksjonar for kjøpesenter og butikkar |
Middels |
Middels-stor |
Lita |
Lita |
Lita |
Restriksjonar for barnehage, barneskule |
Liten |
Stor |
Stor |
Stor |
Lita |
Restriksjonar for ungdomsskule |
Middels |
Lita |
Stor |
Stor |
Lita |
Restriksjonar for vidaregåande, universitet, høgskule |
Middels |
Lita |
Middels |
Stor |
Lita |
Reisetiltak |
Stor |
Stor |
Stor |
Lita |
Lita |
Vaksinasjon |
Stor |
Lita |
Inga |
Inga |
Inga |
Kommunikasjon |
Stor |
Lita |
Inga |
Inga |
Inga |
*Med sårbare grupper meinast funksjonshemma, kronisk sjuke, rusmisbrukarar og enkelte andre grupper
Kjelde: Ulike scenarier for fremtidig utvikling i pandemien (pdf)
Oppgåve 14
Vel ut to tiltak frå lista som du meiner er gode og eitt tiltak som du meiner ikkje er godt. Grunngi vala dine ut frå smitteeffekt og tiltaksbyrde.
Oppgåve 15
Viktor er usikker på om smitteverntiltak hjelper. Tenk deg at du sit i ungdomsrådet i kommunen din. Kva for nokre råd for å hindre smittespreiing ville du ha gitt til befolkninga i kommunen din? Bruk både det du har lært av simuleringa og lista frå Folkehelseinstituttet.
Kva er ein vaksine? (Gå til denne sida)
Oppgåve 16
Kva er ein vaksine? Bruk det du kan frå før når du svarar på oppgåva.
Biverknadar (Gå til denne sida)
Oppgåve 17
Kva trur du skjer om ein person får alvorlege biverknadar av vaksinen mens vaksinen er under testing eller etter at vaksinen er godkjend?
Vurder argument (Gå til denne sida)
Oppgåve 18
«Bestemor seier at ein kan døy av vaksine.»
Er det eit godt eller dårleg argument? Grunngi svaret.
Flokkimmunitet (Gå til denne sida)
Oppgåve 19
Tenk deg at du er ein person som ikkje toler vaksine. Kvar trur du det er best å vere? I situasjon 1 eller situasjon 2. Grunngi svaret.
Oppgåve 20
Kvifor er det viktig å oppnå flokkimmunitet?
Oppgåve 21
«Eg treng ikkje å ta vaksine fordi det er så mange andre som tek det, og da blir vi kvitt pandemien same kva.»
Er det eit godt eller dårleg argument? Grunngi svaret.
Skriv eit svar til Viktor (Gå til denne sida)
Oppgåve 22
Skriv eit svar til Viktor, og føreslå tre argument for å ta vaksine.