Virus angrip celler
Munnleg oppgåve
Jobb i par.
- Bruk modellen over, og beskriv til kvarandre kva som skjer når eit virus angrip ei celle i kroppen.
- Foreslå ei årsak til at nokre av symptoma på covid-19 er trykk i brystet og tung pust.
Oppgåve 3
I utsnittet av cella ovanfor er viruset ganske lite i forhold til cella. På oversiktsbiletet er derimot virusa ganske store i forhold til cellene. Kvifor trur du det er slik i denne modellen?
Du må vere innlogga som elev for å skrive inn / lagre svar.