Hopp til hovedinnhold

Om Viten

Viten er eit prosjekt ved Naturfagsenteret som utviklar nettbaserte undervisningsprogram i naturfag. Målgruppa er elevar på ungdomstrinn og vidaregåande skole. I kvart program utforskar elevane eit naturvitskapleg tema som for eksempel gentesting, klimaendringar eller kvantefysikk.

Ein del av programma startar med eit oppdrag som elevane skal løyse og ei rammehistorie som følgjer dei gjennom programmet. Den naturfaglege informasjonen blir presentert på ulike måtar gjennom for eksempel animasjonar, fagtekstar, filmar og figurar. Undervegs skal elevane løyse ulike aktivitetar, fleirvalsoppgåver, klikk-og-dra-oppgåver og opne oppgåver. Svara til elevane på opne oppgåver blir lagra i ei elektronisk arbeidsbok. Lærarane kan gi tilbakemelding på desse svara. Programma legg opp til utforskande arbeidsmetodar, kritisk tenking, bruk av grunnleggande ferdigheiter og undervegsvurdering, som saman skal bidra til djupnelæring hos elevane.

Alle programma blir utvikla i tett samarbeid med aktuelle fagmiljø og gjennom utprøvingar i klasserommet.

Viten blei etablert av Doris Jorde og Alex Strømme i 1999 som eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Oslo (UiO) og Norges teknisk-naturvitenskapelige universitetet (NTNU). Hausten 2003 blei Viten-prosjektet lagd under Naturfagsenteret. Naturfagsenteret ønsker gjennom Viten å bringe fram gode eksempel på digitale læringsressursar i naturfag.

Prosjektleiarar: Wenche Erlien og Øystein Sørborg.

Kontaktpunkt for databehandlaravtalar: post@viten.no