Oppgåver om C3-, C4- og CAM-planter
Oppgåve 7
Beskriv hovudtrekka i korleis C3-, C4- og CAM-planter skaffar seg CO2 til fotosyntesen.
Du må vere innlogga som elev for å skrive inn / lagre svar.
Oppgåve 8
I ein lukka behaldar som har ein konsentrasjon av CO2 på 0,0035 %, blir det planta ei C3-, ei C4- og ei CAM-plante. Dei får eit lysregime med 12 timar dag og 12 timar natt. Elles er det like tilhøve med omsyn til vatn, temperatur og jordsmonn. Kva for plante trur du overlever lengst? Grunngi svaret ditt.
Du må vere innlogga som elev for å skrive inn / lagre svar.
Oppgåve 9
Hos nokre planter kan det vere svært store forskjellar i pH i løpet av eit døgn. Kva kjem dette av, og i kva for ein organell skjer dette?
Du må vere innlogga som elev for å skrive inn / lagre svar.
Oppgåve 10
Forklar korleis blada og stenglane er tilpassa slik at tapet av vatn blir minimalt hos sukkulentane.
Du må vere innlogga som elev for å skrive inn / lagre svar.