Generell relativitetsteori beskriv gravitasjon på ein heilt annan måte enn klassisk fysikk: I denne teorien ser ein ikkje på gravitasjon som ei kraft, men som eit samspel mellom masse, tid og rom.
Læringsstien er utvikla av Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo, Naturfagsenteret og Skolelaboratoriet ved NTNU.

Generell relativitetsteori beskriv universet vårt på ein ny og revolusjonerande måte. Sjølv om relativitetsteorien byggjer på eit avansert matematisk rammeverk, var det ein enkel tanke som dreiv Einstein mot ein ny teori for gravitasjon.

I denne delen skal vi sjå på to fenomen som verkar paradoksale sett frå perspektivet til den klassiske fysikken, men som likevel kan observerast! Einsteins teori kan forklare relativistisk tidsforlenging og frekvensforskyving.

Ifølgje Einstein er ikkje gravitasjon ei kraft, men eit geometrisk fenomen. Han innsåg at det finst eit samspel mellom masse, tid og rom. I denne delen skal vi sjå korleis krumming av tid og rom fører til gravitasjon.