Arbeidsbok

Kva bruker vi olje til? (Gå til denne sida)

Oppgåve 1

 

Skriv ned produkt som er produserte av olje og gass, og som vi er heilt avhengige av i dag.

Ikkje svara

Oppgåve 2

Olje og gass har gjort Noreg til eit godt velferdssamfunn. Men det har hatt sin pris. Kva miljøutfordringar gir desse produkta?

Ikkje svara

Oppgåve 3

Er det nokon produkt vi lett kan bruke mindre av eller erstatte med andre, meir miljøvennlege produkt? Grunngi svaret.

Ikkje svara

Olje i stein (Gå til denne sida)

Oppgåve 4

Korleis kan det vere plass til olje i ein stein?

Ikkje svara

Oppgåve 5

I kva type bergart trur du det er olje?

Ikkje svara

Oljevindauget (Gå til denne sida)

Oljevindauge

Oppgåve 6

Når oljeselskapa borar etter olje, er dei ute etter bergartar som har vore utsette for temperatur mellom 75 og 150 °C (oljevindauget). Kvifor det?

Ikkje svara

Oppgåve 7

Kvifor er det gjort gassfunn i eitt område i Nordsjøen og oljefunn i eit anna?

Ikkje svara

Oppsummer oljedanning (Gå til denne sida)

Oppgåve 8

Kor mange millionar år tok det å danne oljefelta i Nordsjøen?

Ikkje svara

Oppgåve 9

Kva rolle har sedimentering i danninga av olje?

Ikkje svara

Vel ei hending (Gå til denne sida)

Oppgåve 10

Vel ut ei hending i Noregs oljehistorie. Finn ut meir om denne hendinga ved å søkje på Internett, og lag ei kort beskriving. Skriv inn kva kjelder du har brukt.

Ikkje svara