Hopp til hovedinnhold
 

Arbeidsbok

Plantecella (Gå til denne sida)

Bruk figuren til å svare på følgande spørsmål.

Oppgåve 1

Planter er spesielle fordi dei kan produsere glukose og oksygen. Kor i cella foregår denne prosessen?

Ikkje svara

Oppgåve 2

Kva er forskjellen på cellemembran og cellevegg?

Ikkje svara

Oppgåve 3

Kva celledelar er viktige for produksjon av protein? 

Ikkje svara

Samanlkn plante- og dyrecella (Gå til denne sida)

Samanlikn plante- og dyreceller

Oppgåve 4

Kva vil du seie er dei største forskjellane på plante- og dyreceller? 

Ikkje svara

Bakteriar (Gå til denne sida)

Oppgåve 5

Kva vil du seie er dei største forskjellane på bakterieceller samanlikna med plante- og dyreceller? 

Ikkje svara

Oppgåve 6

Bakteriane var truleg dei første organismane på jorda. Samanlikn oppbygninga til bakteriar, plante- og dyreceller, og kom med nokre argument som støttar det at bakteriar levde på jorda før planter og dyr vart utvikla.

Ikkje svara

Spesialiserte celler (Gå til denne sida)

Oppgåve 7

Eggceller, feittceller, hårceller og kjertelceller er eksempel på celletypar i menneskekroppen. Prøv å forklare kva slags funksjon kvar av desse cellene har. Søk gjerne på nettet for å få hjelp.

Ikkje svara

Oppgåve 8

Her ser du eit tverrsnitt av eit blad som viser ulike typar celler. Kva funksjonar trur du at ulike celler i eit blad har? Oppgi minst tre typar funksjonar.

tverrsnitt blad

Ikkje svara

Oppgåve 9

Muskelvev, magesekk og fordøyingssystemet er eksempel på høvesvis vev, organ og organsystem. Gi eitt anna eksempel på vev, organ og organsystem.

Ikkje svara

Aminosyrer (Gå til denne sida)

Oppgåve 1

Ei celle treng store mengder aminosyrer, fordi aminosyrene heile tida blir bruka til å danne protein. Kor får kroppen aminosyrer frå?

Ikkje svara

Oppgåve 2

Kva for nokre av desse matvarane er rike på protein?

Ikkje svara

Protein (Gå til denne sida)

Oppgåve 3

Enzym er viktige protein som får kjemiske reaksjonar til å gå raskare utan at dei sjølve blir bruka opp. Enzym deltek for eksempel i nedbrytinga og oppbygninga av stoff i ein organisme. Gi nokre konkrete eksempel på nedbryting og oppbygning av stoff i planter og dyr.

Ikkje svara

Oppgåve 4

Proteinet melanin gir farge i regnbogehinna. Det er mengda av dette proteinet som avgjer om du har brune, grøne eller blåe øyne. Kan de tenke dykk andre eigenskapar hos menneske som skuldast proteinet melanin. Søk på "melanin" på Internett viss de treng tips.

Ikkje svara

Proteinsyntesen (Gå til denne sida)

Oppgåve 5

Kvifor er det ikkje så lurt at DNA-molekyla går ut av kjernen og festar seg på ribosoma når nye protein skal bli laga?

Ikkje svara

Oppgåve 6

Skildre korleis aminosyrer blir sette saman til protein på ribosoma.

Ikkje svara

Skildre nordlyset (Gå til denne sida)

Oppgåve 1

For ein som aldri har sett bilete av nordlys eller opplevd nordlys, kan det vere vanskeleg å førestille seg kva dette er. Skildre korleis nordlys kan sjå ut.

Ikkje svara

Kva fenomen? (Gå til denne sida)

Oppgåve 2

Kva for nokre av følgjande fenomen trur du er nødvendig for at nordlys skal oppstå på jorda? Du kan krysse av fleire alternativ.

Ikkje svara

Korleis oppstår nordlys? (Gå til denne sida)

Oppgåve 3

Ta utgangspunkt i animasjonen og forklar korleis nordlys oppstår. Bruk følgjande ord i forklaringa: solvind, elektrisk ladde partiklar, magnetfelt, polområde, atmosfære og eksitering.

Ikkje svara

Oppgåve 4

Kva vil det seie at eit atom blir eksitert?

Ikkje svara

Oppdater svaret ditt (Gå til denne sida)

Oppgåve 5

Er du samd i svaret du ga? Kva vil du eventuelt rette på og kvifor?

Ikkje svara

Kor og når kan vi sjå nordlys? (Gå til denne sida)

Oppgåve 6

I dagslys er det ikkje mogleg å sjå nordlys. Korleis er det da mogleg å drive med nordlysforsking på Svalbard når Svalbard ligg inne i området for dagnordlys?

Ikkje svara

Oppgåve 7

I teorien er det mogleg å sjå nordlys nokre få gongar per månad i Oslo. Tenk dykk at de er ute kvar einaste kveld gjennom ein heil månad, men likevel ikkje ser nordlys. Korleis kan de forklare det?

Ikkje svara

Stoffa i fotosyntese (Gå til denne sida)

Stoffa i fotosyntesen

Oppgåve 1

Kvar kjem stoffa som inngår i fotosyntesen frå, og kvar blir dei av?

Ikkje svara

Stoffa i celleandinga (Gå til denne sida)

Oppgåver om celleanding

Oppgåve 2

Kvar kjem stoffa i celleandinga frå, og kvar blir dei av?

Ikkje svara

Oppgave 3

Kvifor er plantene så viktige for livet på jorda?

Ikkje svara

Forflytting av karbon (Gå til denne sida)

Oppgåve 4

Beskriv kva som skjer når karbonatomet flyttar seg i kretsløpet vist i animasjonen. Bruk det du har lært om fotosyntesen og celleanding i svaret ditt.

Ikkje svara

Danning av olje (Gå til denne sida)

Oppgåve 5

Olje, kol og gass inneheld karbon. Kvar kjem karbonet i desse forbindelsane frå?

Ikkje svara

Opptak og frigjering av karbondioksid (Gå til denne sida)

Oppgåve 6

Mengda karbondioksid i atmosfæren har auka dei siste hundre åra. Kva for nokre prosessar trur du har bidratt til dette? Ta utgangspunkt i figuren over når du svarar.

Ikkje svara

Oppgåve 7

Er prosessane som har bidratt til auka mengd karbondioksid i atmosfæren dei siste hundre åra, ein del av det langsame eller raske kretsløpet? 

Ikkje svara

Oppgåve 8

Forbrenning av fossilt drivstoff flyttar karbon frå det langsame til det raske kretsløpet. Kva konsekvensar har dette?

Ikkje svara

Oppgåve 9

Kva kan vi gjere for å hindre at mengda karbondioksid i atmosfæren aukar? Ta utgangspunkt i figuren over når du svarar.

Ikkje svara