Velkomen til Nordlys

Programmet tek for seg korleis nordlys oppstår, kor og når nordlys kan observerast, og korleis Norge har vore og er eit viktig land i forskinga på dette feltet.
Gå gjennom menyen til venstre, trinn for trinn.
I arbeidsboka blir alle svar du lagrar liggjande samla.
Nordlys som opptrer ei stjerneklar vinternatt er eit fascinerande syn. Med raske skiftingar i styrke, form og fargar brer nordlyset seg over himmelen. Nordlys har vekt interesse blant den allmenne befolkninga, kunstnarar og forskarar gjennom hundreår. Forklaringane har vore mange og segner har florert.
Viten-programmet startar med fine bilete og videoar av nordlys. Det er ikkje alle som har sett nordlys ”live”. Forklaringa på kvifor nordlys oppstår er nesten like fascinerande som å sjå fenomenet sjølve. Sola sender ladde partiklar ut i verdsrommet som fangast opp av jordas magnetfelt og styrast inn mot jordas atmosfære. Når dei ladde solpartiklane kolliderer med atom og molekyl i atmosæren oppstår mange millionar lysglimt som til saman dannar nordlys.
I programmet er animasjonar eit viktig hjelpemiddel for å forklare korleis dette skjer, altså korleis nordlys oppstår og kor nordlys kan sjåast. Undervegs får elevane mange spørsmål og interaktive oppgåver, som skal hjelpe dei i å bearbeide fagstoff og refleksjon.
Naturfag vg1
Stråling og radioaktivitet
- skildre korleis nordlys oppstår, og korleis Norge har vore og er eit viktig land i forskinga på dette feltet
Hovudutviklar: Wenche Erlien.
Vi har fått viktige faglege bidrag frå:
- Jøran Moen, Fysisk institutt, Universitetet i Oslo
- Anne Bruvold, Nordnorsk vitensenter
- Ellen Karoline Henriksen, Skolelaboratoriet for fysikk, Universitetet i Oslo
- Jun Toutain, Naturfagsenteret
- NAROM (Nasjonalt senter for romrelatert opplæring)
Mange av læringsobjekta - eller Viten-objekta som vi kallar dei - kan brukast einskild eller integrert på andre nettsider. Dei objekta dette gjeld har ein knapp nede til høgre: <>Embed/Url.
Url-en som da kjem fram er adressa til ei nettside som berre inneheld objektet. Denne lenka kan du til dømes bruke for å lenke inn objektet i eit LMS.
HTML-koden i embed-feltet kan brukast for å setje inn objektet på ei nettside som tillèt dette, til dømes ein blogg. Merk at ein del bloggverktøy ikkje tillèt alt i koden, og at dette kan gjere at objektet ikkje fungerer.