Velkomen til Fotosyntese (nynorsk)

Eit nettbasert undervisningsopplegg med animasjonar og interaktive oppgåver om temaet fotosyntese.
Gå gjennom menyen til venstre, trinn for trinn.
I arbeidsboka blir alle svar du lagrar liggjande samla.
I programmet finn ein animasjonar som viser korleis kloroplasten er bygd opp, kva som skjer i lysreaksjonen, Calvinsyklus og korleis C3 , C4 og CAM planter har ulike måtar å binde CO2 på. Programmet har òg ein videosnutt som viser korleis det å blåse opp to ballongar kan vere ein modell på spalteopningane. Det er også eit "3D" utsnitt av eit blad. Undervegs i programmet er det oppgåver som er laga med utgangspunkt i gamle 3Bi oppgåver. Programmet er relativt kort.
Biologi 1
Funksjon og tilpassing
- forklare korleis opptak og transport av vatn og oppløyste stoff skjer hos planter, og diskutere kva slag tilpassing planter kan ha til ulike levevilkår
Biologi 2
Den unge biologen
- bruke animasjonar og simuleringsprogram til å vise fenomen og biologiske samanhengar
Energiomsetning
- forklare korleis lysenergi kan overførast til kjemisk bunden energi i fotosyntesen, og korleis energien blir brukt til å produsere glukose
- gjere greie for korleis ytre faktorar verkar inn på fotosyntesen
Økologi
- samle, bestemme og klassifisere ulike organismar og knyte opplysningar om levevis og tilpassingar til eit utval av organismane
Programmet er laga av:
- Wenche Erlien, Naturfagsenteret
- Cato Tandberg, Skolelaboratoriet i biologi ved Universitetet i Oslo
- Bjørn Vidnes, Naturfagsenteret
Faglege innspel: Center for Anvendt Naturfagsdidaktik (CAND), Danmark
Nynorsk oversetting: Cato Tandberg, Skolelaboratoriet for biologi ved Universitetet
Mange av læringsobjekta - eller Viten-objekta som vi kallar dei - kan brukast einskild eller integrert på andre nettsider. Dei objekta dette gjeld har ein knapp nede til høgre: <>Embed/Url.
Url-en som da kjem fram er adressa til ei nettside som berre inneheld objektet. Denne lenka kan du til dømes bruke for å lenke inn objektet i eit LMS.
HTML-koden i embed-feltet kan brukast for å setje inn objektet på ei nettside som tillèt dette, til dømes ein blogg. Merk at ein del bloggverktøy ikkje tillèt alt i koden, og at dette kan gjere at objektet ikkje fungerer.