Hopp til hovedinnhold
 

Arbeidsbok

Biologiske spor (Gå til denne sida)

Oppgåve 1

Politiet har sikra seg biologiske spor frå åstaden. Kva slags biologiske spor trur de politiet kan ha funne? Gi minst fire forslag.

Ikkje svara

Arbeidsrutinar (Gå til denne sida)

Oppgåve 2

Kva trur de kan skje dersom politi eller rettsgenetikarar ikkje brukar hanskar og vernedrakt når dei samlar eller arbeidar med biologisk materiale frå ein åstad eller ein mistenkt?

Ikkje svara

PCR (Gå til denne sida)

Oppgåve 3

Vi vil kopiere dette området på DNA-tråden med PCR:

ATTCGACCCAGAGATAGATAGATAGAT ......

Korleis skal primeren for starten av området sjå ut?

Ikkje svara

Oppgåve 4

Forklar med eigne ord kva funksjon primeren har i PCR.

Ikkje svara

Oppgåve 5

Kor mange forskjellige primerar treng vi for å lage kopiar av 17 ulike område på DNA?

Ikkje svara

Oppgåve 6

Kvifor er temperaturregulering viktig i PCR?

Ikkje svara

Oppgåve 7

Kvifor treng vi å bruke PCR når vi skal få fram ein DNA-profil?

Ikkje svara

DNA-profil frå åstaden (Gå til denne sida)

Oppgåve 8

Bruk resultata frå elektroforesen til å fylle inn felta som manglar i DNA-profilen frå åstaden.

Område 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17
Åstad XY 11-17 6-9 30-32 10-15         11-16 16-17 12-14 21-23 10-10 21-23 13-14 27-19

 Skriv inn svara i tekstboksen under.

Ikkje svara

Har vi funne tyven? (Gå til denne sida)

Desse oppgåvene bør de oppsummere i heile klassen.

.

 

Dette er DNA-profilane som rettsgenetikarane sende over til politiet av dei tre mistenkte. Samanlikn med DNA-profilen frå åstaden, og sjå om de får noko treff.

Område 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17
Ira Johnsen XX 11-17 6-9 30-32 10-15 11-15 17-17 21-24 9-11 8-15 15-19 12-13 21-22 9-9 21-24 12-15 26-30
Peter P. Fix XY 11-17 6-9 30-32 10-15 13-16 16-16 19-26 10-12 11-16 16-17 12-14 21-23 10-10 21-23 13-14 27-19
Tim Saltar XY 11-17 6-9 30-32 10-15 13-14 12-18 24-27 8-13 10-16 12-19 11-15 20-20 9-10 20-21 11-14 28-28

Oppgåve 9

Kven sin sigarettsneip blei funnen på åstaden?

Ikkje svara

Oppgåve 10

Den mistenkte nektar seg skuldig i innbrotet. Kva trur du den mistenkte kan ha som forklaring på at sneipen blei funnen i innbrotslokalet? 

Ikkje svara

Oppgåve 11

Tenk deg at du er ein journalist i Morgonavisa. Lag ei avisoverskrift og ein ingress til ein ny artikkel i avisa som tek utgangspunkt i resultatet frå DNA-analysen. Les gjerne avisartikkelen frå Morgonavisa for å få nokre tips.

Ikkje svara

Oppgåve 12

Kva for nokre biologiske spor trur de fungerer best som bevis i ei rettssak: hår, blodspor eller sigarettsneip? Grunngi svaret.

Ikkje svara

DNA-registeret (Gå til denne sida)

Oppgåve 13

Kva er lagra i DNA-registeret?

Ikkje svara

Oppgåve 14

Kven meiner de bør vere registrerte i DNA-registeret?

Ikkje svara

Bruk av gentestar (Gå til denne sida)

Oppgåve 15

Kva kan vi oppnå med å ta ein gentest som kartlegg utsjånad / geografisk opphav til kvinna vi mistenker?

Ikkje svara

Oppgåve 16

Tenk deg at ein gentest viser at kvinna er asiatisk. Kva konsekvensar trur du det kan ha dersom denne informasjonen blir spreidd i media?

Ikkje svara

Bruk av slektsforskingsregister (Gå til denne sida)

Desse oppgåvene bør de oppsummere i heile klassen.

.

Oppgåve 17

Studer slektstreet, og prøv å tenke dykk til kva som har skjedd. Kven trur de står bak innbrotet på Majorstua i Oslo og i Bergen? 

Ikkje svara

Oppgåve 18

Kven vil de kalle inn for å gi celleprøve for å få laga ein DNA-profil, slik at de kan få eit meir sikkert bevis?

Ikkje svara

Oppgåve 19

Tenk deg at du er ein krimforfattar som ønsker å bruke denne saka som utgangspunkt for di neste bok. Prøv å finne eit godt plott der løysinga er litt innvikla og som f.eks. involverer planting av bevis.

Ikkje svara

Oppgåve 20

I Noreg er det ikkje lov å bruke slektsforskingsregister i etterforsking, men i nokre land er det tillate. Synest de det er greit at politiet brukar slektsforskingsregister der dei i prinsippet kan identifisere nesten alle personar? Grunngi svaret.

Ikkje svara